- Kjøps- og forbrukarrett
- Ulike typar kjøp – lovvalspørsmålet
- Risikoovergang, levering, kontraktsbrot og reklamasjon
- Krav frå kjøparen ved forseinking
- Krav frå forbrukaren ved mangel
- Angrerett
- Marknadsføringslova – to eksamensoppgåver
- Forbrukerkjøpsloven og kjøpsloven – lovspeil
- Omgrep
Kjøps- og forbrukarrett
Innhald
KjøpsrettshistorieForbrukarrettshistorie
Kva er eit kjøp?
Prinsippet om yting mot yting
Partane sine ytingar (plikter og rettar)
Kjøpsrettshistorie
Røtene til kjøpsretten ligg langt attende i historia. Reglane på dette feltet byggjer på sedvane som er gjord til gjeldande rett.
Kjøpslova frå 1907 var eit samarbeid med svenskane og danskane. Sidan den tid har vi fått nye omsetningsformer, nye transportmetodar, nye varetypar, nye betalingsmåtar og ein dramatisk auke i det private forbruket.
Kjøpslova frå 1988 tok sikte på å bevare den nordiske rettseininga og harmonisere reglane om kjøp av lausøyre internasjonalt. Lova styrkte forbrukarvernet på ei rekkje punkt.
I 2002 fekk vi ei eiga forbrukarkjøpslov. Kjøpslova frå 1988 regulerer no berre næringskjøp og privatkjøp – kjøp som ikkje er forbrukarkjøp.
Det internasjonale perspektivet er i dag viktig fordi handel over landegrensene har auka meir og meir. Derfor er det viktig at lovreglane er like.
Til toppenForbrukarrettshistorie
Framveksten av forbrukarlovgivinga er knytt til forbrukarrørsla som fekk gjennomslag i slutten av 1960-åra. Vernet av forbrukarinteressene kom som ufråvikelege lovreglar som sikra forbrukarane eit minimum av rettsvern.
Angrefristlova frå 1972 tok sikte på å verne forbrukaren mot dørsal, messesal og selskapssal. Lova vart utvida i 2000 og heiter angrerettlova. Ho dekkjer no telefonsal, postordresal, fjernsal, e-handel, sal av tenester osv.
Etter kvart har vi fått ei rekkje lover med ufråvikelege reglar som på ulikt vis gir amatøren – forbrukaren, eit rettsvern mot proffen i marknaden – seljaren.
Frå 2002 fekk vi ei eiga forbrukarkjøpslov som gir forbrukarane eit utvida vern ved kjøp av varer i butikk. Forbrukarvernreglar har vi også ved kredittkjøp, ved kjøp av handverkartenester, ved kausjon og i samband med forbrukartvistar.
Til toppenKva er eit kjøp?
Vi har ingen legaldefinisjon av kjøp. Ut frå kjøpsavtalen er det likevel mogleg å trekkje fram nokre kjenneteikn ved kjøpsomgrepet.
Eit kjøp er ein bindande avtale der seljaren pliktar å levere eit økonomisk gode og sørgje for at kjøparen blir eigar mot eit vederlag i pengar.
Desse elementa står sentralt i eit kjøp:
- vederlaget må vere pengar
- salsobjektet må vere eit økonomisk gode
- eigedomsretten til tingen blir overført til kjøparen
Vederlaget
Eit kjøp føreset at det skal presterast ei yting mot betaling. Ei vare som blir overført utan vederlag, er ikkje eit kjøp, men ei gåve. For gåver er rettsforholdet mellom partane eit heilt anna. Tilsvarande gjeld der vederlaget består av naturalia. Slike disposisjonar kallar vi byte.
Salsobjektet
Salsobjektet må vere eit økonomisk gode. Det vil seie noko som kan verdsetjast i pengar. Døme på slike gode er ting som klede, sko, sykkel, iPad, bok, bil, hus og båtar. For kjøpslova og forbrukarkjøpslova er kjøpsomgrepet innsnevra fordi desse to lovene gjeld berre for kjøp av lausøyre. Lausøyre er ting som klede, skotøy, sykkel, iPad, bok, bil og båtar. Kjøp av leilegheit, hus og hytte fell utanfor fordi dette er fast eigedom og ikkje lausøyre. Avhendingslova regulerer slike kjøp. Denne lova er ikkje pensum i dette faget.
Eigedomsretten
Eit kjøp byggjer på at avtalen gir kjøparen råderett over salsobjektet. Det vil seie at kjøparen både har bruksrett og salsrett til salsobjektet. Har kjøparen berre bruksrett, er det ikkje eit kjøp. Eit døme på det er dersom du inngår ein avtale om å leige ei leilegheit.
Til toppenPrinsippet om yting mot yting
Seljaren skal levere samstundes med at kjøparen betaler. Eit kjøp skal skje kontant dersom ikkje anna er avtalt. Kjøp på kreditt eller med forskotsbetaling krev ei eiga avtale.
Til toppenPartane sine ytingar (plikter og rettar)
Rettsspørsmåla i kjøpsretten dreier seg om dei gjensidige rettane og pliktene som partane har, og som følgjer av levering, betaling og medverknad. To sentrale spørsmål i kjøpsretten er om vara er levert til avtalt tid, eller om vara har ein mangel. Er det eit vesentleg avvik, kan forbrukaren heve kjøpet. Eit slikt resultat må byggje på ei drøfting av faktum mot relevante rettsreglar.
Oppstillinga av dei gjensidige rettane og pliktene til partane viser at ei plikt for seljaren utløyser ein rett for kjøparen – og vice versa.
Plikter for seljaren | Rettar for kjøparen |
---|---|
Levere avtalt vare | Rett til å få avtalt vare |
Levere avtalt vare til avtalt tid | Rett til å få avtalt vare til rett tid |
Levere avtalt vare på avtalt stad | Rett til å få avtalt vare på rett stad |
Plikter for kjøparen | Rettar for seljaren |
---|---|
Betale for vara | Rett til å ta imot betaling for vara |
Betale for vara til rett tid | Rett til å ta imot betaling for vara i rett tid |
Medverke til at vara blir levert | Rett til å få avklart i god tid kvar vara skal leverast |
Kjøper du ei vare i ein butikk, gjeld forbrukarkjøpslova. Les meir om forbrukerrett frå jusinfo.no.